3-nutstur til Gramstad 25. november 2012

Søndag 25.november hadde Tråkk invitert til 3-nutstur.
Oppmøte var på Ruten, eller direkte på parkeringsplassen på Gramstad.

Me hadde skrive på nettet at me begynte å gå seinast klokka halv ett, og rekna då med at folk kom ei stund før dette, så når klokka var fem på halv gjekk me, men det var for tidleg. Tre tråkkarar kom etter at me hadde gått. Ei la inn høggiret, og trava etter oss, medan dei to andre tok beinvegen opp til Dalsnuten for å treffa oss der.
 
Første toppen var Fjogstadnuten, eller var det no det. Me var på høgaste punktet, men ein steinvarde stod på ein lågare topp attmed stien? Me kunne ikkje dvele ved det problemet for lenge, tråkkarane måtte vidare. Noko særleg varmt var det ikkje å stå i ro. Me hadde rett nok opphaldsvèr, men ingen novembersol som kunne gje oss litt varme mot kroppen, og vinden var sterk og aukande.
 
Det bar i veg vidare, bortover og nedover, til me stod ved foten av Dalsnuten. Eit stykke opp i bakken, fekk me kjenna vinden att. Med ein kraftig vind som skua i ryggen, gjekk det lettare oppover, og me var snart på toppen. Her stod dei to siste tråkkarane som hadde gått direkte opp, og venta på oss. Men dei hadde vore der oppe ein halv time allereie, og var så kalde, at etter fotograferinga av alle tretten tråkkarane, ville dei berre gå ned att. Me andre satte oss ned for å smaka på matpakka, eller kva nå kvar enkelt hadde med seg. God utsikt hadde me òg, der me satt og kikka utover Sandnes og Stavanger, og lengre òg.
Me hadde satt oss litt under toppen, for å unngå den verste vinden, men han kom likevel smygande innunder kleda, og kjølte ned. Så me kunne ikkje sitja så veldig lenge før me måtte gå, og me hadde jo endå ein topp me skulle nå; Øvre Eikenuten.

Det var fint å gå, vinden reiv i oss når me gjekk, og me måtte gjerne ut med eit støttesteg av og til. Men me fekk besøka siste nuten òg, og nedunder denne på tilbaketuren, var det ein lun plass som me kunne ha dagens ord på. Det hadde ikkje passa tidlegare, med vind og kalde folk. Det var godt me tok oss tid, for det var akkurat dei orda me fekk høyra; kor viktig det er å ta seg tid til Gud og Hans ord.

Siste etappen var ikkje så lang, og me var snart tilbake på Gramstad.

Takk til alle for ein fin tur!!
Turleiarane

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar