Båltur til Nøklevann tirsdag 31. januar

Januar vart avslutta med bål ved Nøklevann. Til saman 15 stk fann vegen til Katisa til tross for at store deler av Østmarka var dekt av is. Dei som hadde broddar var nok glad for det, men heldigvis klarte alle å koma seg fram til bålplassen like heile.

Det dukka opp litt av kvart som vart grilla på bålet. Denne kvelden vart det blant anna tilbydd banan med sjokolade til å varme i glørne. Som vanleg var det god stemning og både erfarne og ferske tråkkarar vart kjent med nye folk. Takk for ein fin tur 🙂

Kommentarer

kommentarer