Blåtur, 17.mars 2013

Ut på tur, aldri sur J Det var ein av desse kalde dagane i mars, vinden ulte i kraftige kast.  Men kuling i solskinn stoppar då ikkje ein ekte tråkkar… Årets blåtur hadde oppmøtestad ved ”sverd i fjell” i Hafrsfjord.  Mens turleiarane lurte på kor mange som ville dukke opp , var det 9 fremmøtte […]

Ut på tur, aldri sur J

Det var ein av desse kalde dagane i mars, vinden ulte i kraftige kast.  Men kuling i solskinn stoppar då ikkje ein ekte tråkkar…

Årets blåtur hadde oppmøtestad ved ”sverd i fjell” i Hafrsfjord.  Mens turleiarane lurte på kor mange som ville dukke opp , var det 9 fremmøtte som spent lurte på kor turen ville gå. Med ei pakkeliste som spente frå fyrstikker til campingstol var det ikkje løye at dei fremmøtte lurte på kva dei neste timane ville bringa!

Dagens tur enda rett og rett ved Hafrsfjord, der dei fremmøtte blei delt inn i to lag. «SLAGET VED HAFRSFJORD» kunne starta!! Dagens program bestod av:  quiz, lage nye ord av orda blå og påske,  armbåndlaging ved å huske plassering av perlene, kubb, den spennande kommunikasjonsoppgåva – slå spiker i vedkubbe på «rett plass», koke opp vatn på stormkjøkken – fylle opp ein termos og ha det varmaste vatnet…

Etter ein super innsats var det tid for premieutdeling og  kokt pølse i brød/lompe på stormkjøkken!

Takk for ein flott dag J

Turleiarane

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar