Blåtur, 19. februar 2012

Ut på tur, aldri sur

Mens turleiarane lurte på kor mange som ville dukke opp i det vekslande været, var det 7 fremmøtte som spent lurte på kvar turen ville gå. Med ei pakkeliste som spente frå hodelykt til toalettpapir var det ikkje løye at dei fremmøtte lurte på kva dei neste timane ville bringa! Skulle me på grottevandring, var det omvisning på Viking stadion eller var dette berre ein møteplass for å kjøyre videre…

Det heile starta med ein kort vandretur til Vaulen, der det var tid for konkurranse som fort blei døypt om til Vaulenlekene 2012. Turdeltakarane, som av ukjend grunn kun var menn, blei delt inn i to lag. Dette gjorde seg sjølv då halvparten hadde raude jakker – raudt lag, det andre laget blei heitande ”dei mørke”.

Av aktivitetar kan vi nemna: Lokalisering av utlagde postar ved hjelp av kart, blikkbokskasing, og den spanande kommunikasjonsoppgåva: duplo. Då poenga skulle teljast opp viste det seg at poengsummen var lik og vi måtte fram med ekstraomgangar. Laga kunne nå tene ekstrapoeng i ein rockeringkonkurranse, diverre blei det ikkje delt ut nokon poeng i denne ekstrarunden. For å avgjera konkurransen måtte vi ta pakkelista til hjelp. Raudt lag fekk nå smerteleg erfara at det kan vera smart å følgje heile pakkelista. Laga blei nemleg bedne om å finne fram toalettpapiret det stod dei skulle ha med, laget med lengst toalettpapir gjekk av med sigeren. Dermed kunne ”dei mørke” kårast til vinnarar av Vaulenlekene2012!!!!

Etter super innsats frå begge lag, kunne ein nå nyte boller med krem og kakao kokt på stormkjøkken!

Takk for ein flott dag

Turledarane

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar