Tid:
Dato: lørdag 22-01-22 , 15:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
20


Opningstur med programslepp

Lørdag 22. januar inviterer vi til årets første Tråkk-tur.

Dette blir ein sosial tur i rolig tempo der vi går frå parkeringsplassen ved Sandviken sykehus og opp vegen til Munkebotn. Her oppe ligg det fleire fine gapahuker.

Vi finn oss ein fin stad der vi tar ein god pause og presenterer vårens turprogram. Vi har mykje kjekt på programmet denne våren, og denne ettermiddagen får du informasjon om det meste vi planlegg. Visst du er nysgjerrig på Tråkk og aldri har vore med oss på tur tidlegare, så er dette ein flott sjanse til å bli kjent med turgruppa og tilbodet vårt.

Heile turen vil gå på grus/asfalt. Lengda vert tilpassa vêr og føre.

Ta med deg ei god niste, drikke, varme klede og eit sitteunderlag til pausen. Vi legg i utgangspunktet ikkje opp til bål denne gongen, så maten du tar med må kunne etast slik han er. Ta gjerne med hodelykt/lommelykt. Skulle det vera snø eller is, denne dagen, så tilrår vi også at du tar med broddar.

Oppmøte på parkeringsplassen ved Sandviken sykehus kl.15. Vi reknar med å vera ute i ca. 3 timar. Arrangementet er gratis og ope for alle, både gamle og nye turgåarar.

Tråkk følgjer dei til ei kvar til gjeldande smittevernreglar for å unngå koronasmitte. På grunn av koronasituasjonen krev vi for tida påmelding på alle arrangement.

Du melder deg på via skjema på Tråkk Bergen si nettside. Påmelding innan kl.12 same dag.

Har du spørsmål om arrangementet så kan du ringja eller senda SMS til Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59












    • Anne-Lise Nordpoll
    • Lillian Mostraum
    • Thomas Villanger
    • Anita
    • Lene Ladstein
    • Torbjørn Oma Jensen
    • Anne Kristi lilletvedt




Bookings