Tid:
Dato: onsdag 02-10-19 , 18:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Båltur på byfjellene

OPPDATERT

Har du lyst å sitja rundt bålet, prata og slappa av i godt selskap? Då er dette turen for deg.
På onsdag kan du ete middagen (eller kveldsen) ute i det fri. Oppmøte ved Fløibanens nedre stasjon kl 18. Gje beskjed til ein av turleiarane dersom du velger å gå opp.

Tråkk ordnar ved, og du tar med deg det du måtte ha lyst på av mat og drikke. Maten kan du sjølvsagt varma på bålet, dersom du vil det.

Eit godt sitjeunderlag, varme klede, hue, vottar og ei god hodelykt/lommelykt er viktig. Vi håpar også at du pakkar tinga dine i ein sekk som er stor nok til at du også har plass til ein vedkubbe eller tre. Då slepp turleiaren å bæra heile vedsekken aleine.

Spørsmål?
Kontakt turleiar Lillian Mostraum på tlf. 97 56 44 48 eller Torbjørn Oma Jensen på tlf. 45 20 61 81