Tid:
Dato: mandag 22-07-19 , 00:00 - fredag 26-07-19 , 23:59

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Berge -Børesteinen

Ferdighetskrav: * * *
Tidsramme for turen: ca 4 timar. + 16 min køyring kvar veg.
Antall kilometer: 4 km t/r
Stigning: 360-1000 moh, ca. 640 høgdemeter.
Maks antall deltakere: 15

Turbeskrivelse:

Det kan seiast om turen til Børesteinen at han er luftig, men du blir lønna med den flottaste utsikten over Luster og Lustrafjorden. Turen startar frå garden Berge. Gå gjennom tunet til den inste garden. Utfor grinda til utmarka mot aust finn ein stien. Stien er skilta mot Ferestad, Børestein og Kinnfokkfjellet. Det er tydeleg sti heile vegen og god stigning heile turen opp. Etter å ha gått om lag 250 høgdemeter kjem ein til støylen Ferestad, her bør ein halde til venstre for å finne stien vidare. Etter å ha gått i skogsterreng fram til Ferestad vil nå landskapet opna seg og ein får god utsikt over Lustrafjorden. Frå Ferestad går ein litt aust under fjellhammaren som Børesteinen ligg på, og vender så oppover. På Børesteinen har ein fantastisk utsikt over Luster, Lustrafjorden og store delar av den flotte naturen i Sogn. Retur same veg.

Vegbeskrivelse:

Køyr i 10,5 km mot nord-vest på Lustravegen Sving til høgre inn på Daladalen, følg denne ca 250 meter Køyr rett fram inn på Bergsvegen følg denne i 2,5 km, sving til venstre og fortsett på Bergsvegen. Parker på garden Berge.

Vegforklaringa kan òg finnast på gule sider, skriv inn Skjolden-Berge, Luser