Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Bulitinden (550 moh)

Ferdighetskrav: * * *
Tidsramme for turen: ca. 4 timar turtid pluss pause, 20 min køyring ein veg
Antall kilometer: ca. 8 km t/r
Stigning: ca. 550 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto: fjelltrotter.com

Turen startar i Ramsvika. Det er 17 km å køyre frå leiren. Køyr E10 sørover, ta av mot Stamsund i Leknes. Ta av mot høgre etter 1,5 km og køyr 4 km til Ramsvik.
I starten går ein på ein kjerreveg innover dalen. Stien går litt opp i lia på høgre side av dalen. Den fortset opp Andjordbakkan og tar ein u-sving. Stien går vidare sørover opp mot skaret mellom Bulitinden og Guratinden. Oppe i skaret svingar ein til venstre (austover) opp ryggen dei siste 100 høgdemetrane mot toppen av Bulitinden. Det går òg an å gå innom Guratinden (581 moh). Retur same veg, men det går an å gå den bratte vegen ned igjen frå Guratinden vestover via Ramsviktinden.









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.