Dato: lørdag 07-03-20 , 00:00 - søndag 08-03-20 , 17:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
8
Byggetur, snøhole eller iglo
Bli med på tur der vi bygger snøhule eller iglo som vi overnattar i ei natt.
Vi reiser frå Trondheim på morgonen laurdag og kjører ein liten time til Lundamo før vi tek av opp mot Håen/Samsjøen. Dette er eit flott område å brenne bål og vere på tur i! Vi satsar på å finne egna snø for iglo eller snøhole og få bygt denne til kvelden kjem. Middag laurdag er inkludert.
Vi tenker turen er lavterskel der du ikkje treng så mykje uteerfaring frå før, men du vil trenge litt utstyr. Mykje av dette kan nok lånast via styret, så ta gjerne kontakt. Vi ordnar meir detaljert pakklliste tilpassa erfaringa til dei påmeldte. Stikkord av ting du vil trenge er:
-Kle egna til å vere ute i på vinteren. Eit bytte med sko/fotposar i tillegg til skisko.
-Ski (Alle typar burde fungere, men gjerne fjellski om du har)
-Sovepose og liggeunderlag. (har du tynn sovepose, kan denne brukast saman med andre posar, her kan du få låne ekstra)
-Spade
-Sekk til å få med deg utstyret.
-Vipps eller cash for å betale tur og sjåfør.
Ta kontakt med Njål 95224230 eller nokon andre i styret for om du har spørsmål
Påmelding åpnar klokka 21 27/2 og stenger onsdag 4/3 klokka 24.00. Men meld deg på så raskt som mulig, så vi veit om vi vert nok folk til tur.
-
-
-
-
Klokka 21 27/2
-
- Njål
- Egil
- Svein Olav
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.