Tid:
Dato: mandag 24-07-17 , 00:00 - fredag 28-07-17 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Ceciliekruna (1717 moh)

Foto: www.westcoastpeaks.com

Ferdighetskrav: *****
Tidsramme for turen:  8-10 t gangtid, ein time køyring kvar veg, totalt 10-12 timar pluss pausar.
Antall kilometer:  ca. 16 km t/r
Stigning:  ca. 1090 høgdemeter (627-1717 moh)
Maks antall deltakere: 15 stk

Turen startar ved Hildastølen i Vikadalen i Innvik. Ta av frå riksveg 60 i Innvik og køyr innover Vikadalen inn til Hildastølen (bomveg). Følg så den merka stien innover dalen til oppkoma Peila. Gå vidare på nordaustida av elva Fessene. Inne i botnen av dalen: ta til høgre tilbake oppover fjellhyllene opp mot Torvfjellet, og vidare høgste ryggen sørover mot toppen vest for skaret før sjølve kruna (Kruneskaret), vidare ned i skaret og opp til det lågaste punktet mellom dei to toppane ca 1650 moh. Nordtoppen er høgst, den gjev utsikt mot Sunnmørsalpane, sørtoppen som er ein meter lågare gjev panoramautsikt mot Jostedalsbreen.
Det er vanskeleg å finne rett veg ned den vegen vi gjekk opp, difor går returen ein annan veg.
Tilbake i Kruneskaret held ein høgda i staden for å gå ned i Vikadalen forbi høgde 1584 og Veslelogpiken og bort til vardane opp til Storlogpiken følg så dei ned den bratte eggen til Prestestølen.





  • Kun for deltakere på sommertur.


  • Avtales ved oppmøte.


  • Kvelden før.





Kommentarer

kommentarer