Tid:
Dato: søndag 29-08-21 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
15


Dagstur til Kiellandbu

Søndag 29. august håper vi på flott vêr. Då gjer vi eit nytt forsøk på å arrangera tur til populære Kiellandbu i Bergsdalen.

Den vesle bua ligg idyllisk til på kanten av Løkjedalsnuten 913 m.o.h. Mange har ønskt seg ein tur hit, og Tråkk Bergen og Tråkk vidare arrangerer felles dagstur til denne vesle perla.

Vi møtes på p-plassen ved bensinstasjonen på Øyrane torg i Arna kl. 9 og køyrer til Hodnaberg i Bergsdalen der fotturen startar.

Turen går i flott fjellandskap, og vert rekna som middels krevjande. Det er ca. 350 meter stigning og totalt 12 km tur/retur.

Turen går på sti i kupert terreng, og du må klare å halde middels tempo for å delta på denne turen.

Vi tek oss tid til ein lengre matpause ved Kiellandbu, og planlegg å vera ute i ca. 6 timar. Køyring til og frå kjem i tillegg.

Vi tilrår at du brukar tursko/fjellsko med godt grep og at du har vind/og vanntette klede på deg eller med deg i sekken. Hugs at temperaturen her oppe kan vera heilt annleis enn på byfjella.

I tillegg treng du ein dagstursekk med: Rikeleg med mat, 1,5-2 liter drikke, snacks, hue, buff, solbriller, solkrem, ekstra genser/varmejakke, antiback og sitteunderlag. Dersom du likar å bruka turstavar, kan du også ta dette med.

Arrangementet er gratis, men krev påmelding via Tråkk Bergen si nettside. Påmeldinga opnar 20. august kl.12 og stenger 27.august kl. 23.

På grunn av koronapandemien er vi forsiktige med samkøyring, men parkeringsplassen på Hodnaberg kan bli full. Det er difor fint om personar som kjenner kvarandre og er komfortable med å køyra i samme bil, gjer dette.

Ved dårleg vêr eller skodde vil turen bli avlyst på kort varsel.

Kontakt turleiar om du treng skyss eller har spørsmål.

Turleiar er Anne-Lise Nordpoll, Tlf. 98 69 64 59 (Tråkk Bergen) og
Kirsten O. Ulveseter Tlf. 936 37 603 (Tråkk vidare, bruk helst SMS)












    • Anne-Lise Nordpoll
    • Anne Kristi lilletvedt
    • Torbjørn Oma Jensen
    • Kirsten Oline
    • Jan Halvard Edvardsen
    • Thomas Villanger
    • Randi Bjelke
    • Ingjerd Solberg Nygaard
    • Lillian Mostraum
    • Elisabeth Lundeby
    • Magnar Johannessen




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.