Tid:
Dato: lørdag 12-06-21 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
12


Dagstur til Kiellandbu

Kiellandbu i Bergsdalen ligg idyllisk til på kanten av Løkjedalsnuten 913 m.o.h. Mange har ønskja seg ein tur hit, og lørdag 12. juni slår Tråkk Bergen og Tråkk vidare seg saman og arrangerer felles dagstur til denne vesle perla.

Vi møtes på p-plassen ved Øyrane torg i Arna kl. 9 og køyrer saman til Hodnaberg i Bergsdalen der fotturen startar.

Turen går i flott fjellandskap, og vert rekna som middels krevjande. Det er ca. 350 meter stigning og totalt 12 km tur/retur.

Vi tek oss god tid til å ta bilde og matpause ved Kiellandbu, og planlegg å vera ute i ca. 6 timar. Køyring til og frå kjem i tillegg.

Du må ha godt fottøy, vind- og vanntette klede og ein dagstursekk med rikeleg mat og drikke, hue, buff, hanskar/vottar og eit varmt klesskift. Ta også med vindsekk og eventuelt turstavar, dersom du har dette.

Arrangementet er gratis, men krev påmelding. Påmelding via Tråkk Bergen si nettside. Påmeldinga opnar 22. mai kl. 21 og stenger 10. juni kl. 18.

Kontakt turleiar om du treng skyss eller har spørsmål.

Ved dårleg vêr eller skodde vil turen bli avlyst eller utsett på kort varsel.

Turleiar er Anne-Lise Nordpoll, Tlf. 98 69 64 59 (Tråkk Bergen) og
Kirsten O. Ulveseter (Tråkk vidare)














Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.