Dato: lørdag 26-10-19 , 00:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
0
Dagstur til Modalen
Laurdag 26. oktober tar vi turen til Modalen.
Modalen er med sine vel 350 innbyggjarar, ein av Noregs minste kommunar og kommunesenteret Mo ligg idyllisk til mellom fjorden, fjella og elva.
Vi køyrer saman i privatbilar frå Bergen. Køyreturen tar ca. 1 time og 20 minutt ein veg. Nokre kilometer før vi kjem til Mo sentrum parkerer vi bilane for å besøka Modalen sitt svar på Preikestolen.
Fjellklippa, med det flotte namnet Slottet, kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ho er ei luftig oppleving med storslått utsikt. Turen går på sti og du må rekna med litt stigning, men det er i utgangspunktet ein enkel tur. Normal gangtid tur/retur er to timar.
Dersom vêret er godt og vi har lyst til å gå meir, køyrer vi eit lite stykke vidare mot Mo, og tar eit nytt stopp for å går til Otterstadstølen. Otterstadstølen er ein flott støl frå starten av 1900-talet. Turen til stølen tar ca. 45 minutt ein veg, og han er lettgått.
Etter turen/turane køyrer vi den siste kilometeren inn til Mo sentrum for å sjå oss rundt. Dersom kafeen eller bakeriet er ope, tek me ein matbit der. Alternativt stoppar vi på Ostereidet Kro langs E39 og et middag på veg tilbake til Bergen.
Til denne turen pakkar du ein vanleg dagstursekk med litt varme klede, niste, drikke og pengar til å kjøpa middag for.
Avreise frå Bergen sentrum kl.9.30. Oppmøte på p-plass ved Ado-arena
Eventuelt avreise frå Knarvik ca. 10. Oppmøte på p-plass ved Søderstrøm hagesenter/Hageland.
Du MÅ sende ein melding til ein av turleiarane på førehand, slik at vi veit kor mange som vil vera med og kven som kan køyre.
Turleiarane er Anne-Lise Nordpoll, tlf. 98 69 64 59 og Thomas Villanger, tlf. 977 36 559