Dato: lørdag 26-10-24 , 10:00
Pris:
150,00
Antall plasser:
10
Dagsturhytte og sauna
Laurdag 26. oktober kan du få tre ting på ein gong. Både ein kjekk tur, sauna og mogelegheit for bading.
Denne dagen reiser vi til Samnanger. Første stopp er parkeringsplassen ved Ådland kyrkje. Dette er startpunktet for turen til dagsturhytta Prestakvilet.
Turen er lettgått og går først på grus, så på markaveg og deretter siste biten på sti. Det er omlag 2,3 km å gå til hytta ein veg. Den totale stiginga er på omlag 225 meter, og vi reknar med å bruka omlag 1 time kvar veg i roleg gange. Den siste stykket fram til hytta kan vera litt blautt. Dersom det har regna i dagane før, bør du velja gode tursko, ikkje joggesko.
Vi tar oss tid til ein god lunsjpause ved hytta. Du tar sjølv med deg det du vil eta og drikka. Etter lunsj går vi same veg tilbake til bilane, og køyrer nokre få minutt vidare til vi kjem til Bjørkheim sentrum.
Saunaen ligg fint til på ein badeplass. Den er vedfyrt og står på ein flåte. Du vel sjølv om du berre nyttar saunaen eller også blir med på eit eller fleire forfriskande bad i sjøen.
Ta med: Niste, sitjeunderlag, badetøy, to handkle, gjerne eit par slippers/badesko, godt med drikke, ein god varm gensar, og det du elles føler du treng for å ha ein god dag på tur med oss.
Oppmøte for dagen: På parkeringsplassen som ligg mellom Arna stasjon og Arna kyrkje kl.9.30. Vi organiserer samkøyring derifrå. Skriv i påmeldinga om du kan stilla med bil, og kor mange passasjerar du har plass til.
Påmeldinga opnar 1.oktober, og stenger 1 veke før turen.
Påmeldinga er bindane. Betal kr. 150 for sauna til kontonummer: 1503.02.47024 når du melder deg på.
Visst du er passasjer i bil, må du også betala litt til sjåføren for transport. Tråkk-takst for køyring er 3,50 kr per km delt på talet personar i bilen.
Har du spørsmål kan du kontakta turleiarane Jan Halvard på tlf. 958 13 721 eller Anne-Lise på tlf. 98 69 64 59
-
-
-
-
-
- Jan Halvard Edvardsen
- Anne-Lise Nordpoll
- Maria Sørhus
-