Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Festvågtind (541 moh)

Ferdighetskrav: * * *
Tidsramme for turen: ca 2,5 timar pluss pausar. 45 min køyring kvar veg.
Antall kilometer: ca. 3 km t/r
Stigning: ca. 540 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto: fjelltrotter.com

Denne prototypen av eit lofotfjell ligg heilt sør på Austvågøy med fantastisk utsikt over Henningsvær og Vestfjorden.

Turen startar i Festvåg, like under Festvågtind, og det er mulig å parkere på begge sider av bukta. Det er fleire stiar oppover lia til Heiavatnet, pass på å hald til høgre, stien til venstre går til eit klatrefelt. Heiavatnet ligg 190 meter over havet, og her kan det være fint å ta eit bad på veg ned. Det er flott utsikt oppe på pynten sørvest for heiavatnet, og det kan vere verdt ein avstikkar.

Frå Heiavatnet følgjer vi ryggen nordover, og kjem opp om lag 100 meter aust for toppen, før vi går vestover til toppen på 541 moh. Her er det berre å nyte utsikta og nistepakka før vi startar på returen.









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.