Tid:
Dato: fredag 06-09-19 , 16:00 - søndag 08-09-19 , 19:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
15


Hauststemning på Hardangervidda

6.- 8. september tar vi turen til Larsbu på Finse. Eit flott utgangspunkt for dagsturar til blant anna Klemsbu, Finsenut, Sandalsnuten og Blåisen eller rusletur langs Rallarvegen. Vi vel tur etter vêr og humør og satsar på ei kjekk helg i fjellet med låge skuldre.

Larsbu ligg ca. 30 minutt gange frå Finse stasjon. Hytta har innlagt straum, dusj og toalett og ligg like ved Rallarvegen.

Vi reiser frå Bergen med tog fredag kl. 15.57 og reknar med å vera tilbake i byen klokka 19.00 søndag kveld. Det er også mogleg å komma med tog frå Oslo å bli med på turen.

Pris: kr. 850 må betalast til konto 1503.02.47024 seinast ei veke etter at du har meldt deg på.
Prisen inkluderer overnatting på Larsbu fredag til søndag, varm kvelds fredag og felles middag laurdag. Du må sjølv ta med det du vil ha av brødmat, pålegg og drikke til dei andre måltida. Gi beskjed om eventuelle allergier ved påmelding.

Togbilletten du bestilla sjølv på førehand. For å sikra deg plass, bør du bestilla den i god tid på Vy.no. Vi tilrår at du bestiller billett til ordinær pris i tilfelle det skulle bli endringar i opplegget undervegs.

Påmeldinga opnar fredag 9. august kl.21.
Siste frist for påmelding er 25. august kl.21.

Maks 12 deltakarar

Togtider:
Fredag 6. sept
Frå Bergen-Finse kl.15.57
Frå Oslo S.-Finse kl.15.43

Søndag 8.sept.
Frå Finse-Bergen kl. 16.22
Frå Finse-Oslo kl. 14.34

Har du spørsmål om turen, kontakt Lillian Mostraum Tlf. 97 56 44 48 eller Anne-Lise Nordpoll Tlf. 98 69 64 59












    • Anne-Lise Nordpoll
    • Stian Pedersen
    • Anne Kristi Lilletvedt
    • Tone Raustøl
    • Thomas Villanger
    • Gunn Marit Stokkeland
    • Lillian Mostraum
    • Anne Lise Torsvik
    • Torbjørn Oma Jensen
    • Solrun Halvorsen
    • Jørgunn Stø Johansen
    • Audun Henriksen
    • Reidun Valen




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.