Jan Halvard Edvardsen
Tid:
Dato: fredag 24-05-24 , 16:00 - søndag 26-05-24 , 18:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
6


Helgetur til Undredal og gapahuken Ørnareiret

«Gapahuken Ørnareiret gir deg ei magisk oppleving du seint vil gløyme.» Slik introduserer utleigaren denne spesielle overnattingsstaden som er plassert ovanfor stølen Hovdunga i Undredal, 1000 moh.

Helga fredag 24. – søndag 26. mai tek Tråkk turen til Undredal. Vi reiser frå Bergen fredag ettermiddag, og legg opp til overnatting i telt på ein campingplass i området den første natta.

Laurdag morgon kan vi besøke Noregs minste stavkyrkje, Undredal stavkyrkje, og vere turistar i Undredal før turen går opp til gapahuken Ørnareiret. Dette er ein tur der vi startar på 50 moh og skal opp til 1050 moh. NB! På grunn av veldig bratt stigning er dette ein fysisk krevande tur, og det er derfor viktig at dei som vil vere med er i god fysisk form.

Turen opp tek om lag 3 timar. På vegen går vi forbi stølen Hovdunga, som ligg på ca. 740 moh. Dette var ein av sommarstølane til Underdølane, og vart lagt ned i 1947.

Ørnareiret har overnattingsplass til 6 personar. Inkludert i leige av gapahuken er det m.a.  kokeapparat med gass, kokeutstyr og madrasser. Når vi kjem fram, lagar vi felles middag og brukar ettermiddagen til kvile og sjå på den fantastiske utsikten over dette området.

Søndag føremiddag går turen ned igjen til Undredal, og vi køyrer tilbake til Bergen på ettermiddag/kveld.

Undredal ligg i Aurland kommune og er ein del av Nærøyfjordområdet. Saman med Geirangarfjordområdet er dette området det første verdsarvområdet i Noreg som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste med grunnlag i naturarven.

Stad: Undredal, Aurland kommune

Plassar: 6

Påmelding via skjemaet på denne nettsida. Vi opnar påmeldinga søndag 5. mai klokka 20.00 og stenger søndag den 19. mai klokka 20.00.

Informasjon om pris vil komme før turen opnar for påmelding søndag 5. mai.

Meir informasjon om avreise, pakkeliste og liknande blir sendt ut til deltakarane når turen nærmar seg.

*NB! Ved mykje snø i fjellet, eller andre tilhøve som gjer at turen til Ørnareiret ikkje vert tilrådd av dei lokale, vil denne turen kunne bli endra eller avlyst.

Ta kontakt med Jan Halvard på tlf. 958 13 721 dersom du har spørsmål.














Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.