Tid:
Dato: mandag 24-07-17 , 00:00 - fredag 28-07-17 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Overgong Jølster-Fjærland (1445 moh)

Foto: www.westcoastpeaks.com

Ferdighetskrav: *****
Tidsramme for turen:  ca. 8-10 timar med litt pauser + 1t kjøring kvar veg. Totalt 10-12 timar
Antall kilometer:  ca. 10 km
Stigning:  ca. 1200 høgdemeter (380-1445-130 moh)
Maks antall deltakere: 15 stk
Pris: 200kr for leige av stegjarn/breutstyr

Bratt fjelltur med enkel brekryssing og rett til å skryte av at du har kryssa Jostedalsbreen?
På denne turen går vi ei tradisjonell rute frå Jølster til Fjærland. I gamle dagar frakta dei lokale varer og dyr over fjellet, og møttest til dans og anna, no køyrer ein raskt igjennom tunellen som kom i 1989.
Turen startar opp Lundaskaret, Noregs brattaste tilrettelagte tursti og fortset over Marabreen, ein arm av Jostedalsbreen, før den går ned til Fjærland.
Det vert 200kr for leige av stegjarn og anna breutstyr.

Vi køyrer E39 sørover til Skei der vi tek av mot Sogndal, vi køyrer så inn til enden av Kjøsnesfjorden og opp til Fjærlandstunnelen. Rett før tunnelinnslaget er det ein stor parkeringsplass på høgre side, her slepp vi av alle utanom sjåførane. Dei køyrer vidare gjennom tunnelen til Holten/Bøyafjellstøylen der vi set igjen nok bilar for returen og returnerer så til dei andre for å starte på turen.

Vi startar med det farligste på heile turen, nemleg kryssing av vegen. Herifrå føl vi tydeleg sti heile vegen til opp Lundaskaret. Stien går fyrst innover langs elva før den svingar av til høgre og opp der det flatar ut på knapt 1000m.

Oppe frå skaret føl vi stien som er merka på kartet mot Marabreen, denne kryssar vi, kanskje med tau og stegjern/broddar etter kva vi vurderer som nødvendig. Opp til Kvitevardane er det ein bratt snøbakke, og nokre kan kjenne seg usikre, her kan ein vurdere å legge ut eit tau. Eventuelt å ta med isøkser.

Ned frå Kvitevardane føl vil stien som er tegna inn på kartet, denne kan vere vanskeleg å finne.





  • Kun for deltakere på sommertur.


  • Avtales ved oppmøte.


  • Kvelden før.





Kommentarer

kommentarer