Tid:
Dato: mandag 22-01-24 , 19:30

Pris:
0,00

Antall plasser:
20


Kveldstur gjennom Løvstakken

I 2023 opna verdas lengste tilrettelagte gang- og sykkeltunnel, Fyllingsdalstunnelen, i Bergen. Denne går under Løvstakken, mellom Kristianborg på Mindemyren og Oasen i Fyllingsdalen.

Måndag 22. januar inviterer Tråkk til ein kveldstur der vi går fram og tilbake gjennom Fyllingsdalstunnelen.

Oppmøtestad: Kristianborg bybanestopp, Mindemyren

Dato og tid: Mandag 22. januar, kl. 19:30. 

Turen startar ved Kristianborg bybanestopp, i munningen av tunnelen på Minde. Vi går på gummidekke, og i taket endrar lyset seg frå blått ved Kristianborg til grønt i Fyllingsdalen.

I midten av tunnelen er det ei stor lysning med eit midtpunkt og ein skulptur. Her er det naturleg å ta ein pause, og eit ord for dagen. Dei som ynskjer kan få sjå på utsmykkinga her og gjerne sette seg ned på ein benk. I dekket her er det også eit digitalt solur som kan studerast.

Frå munning til munning er tunnelen 3,01 km, og det ein høgdeforskjell på 20 meter. Å gå ein veg tek om lag 40 minutt. Tur/retur er turen rekna til ca. 1,5 timar.

Når vi kjem til Oasen, Fyllingsdalen, kan dei som ynskjer velge å avslutte turen der. Turfølgjet går deretter tilbake til Kristianborg, same veg som vi kom.

Vi vil gjerne vita kor mange som blir med, og har påmelding via skjema her på nettsida til Tråkk Bergen. Påmeldinga stenger mandag 22. januar kl. 17.00.

Spørsmål? Ta kontakt med turleiar Jan Halvard Edvardsen, tlf. 958 13 721.












    • Jan Halvard Edvardsen
    • Antoine
    • Anne-Lise Nordpoll
    • Gunn Marit
    • Thomas Villanger
    • Yngvild




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.