Tid:
Dato: søndag 17-10-21 , 17:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
15


Kveldstur og gudsteneste

Søndag 17. oktober set vi opp ein ekstra tur på programmet. Då kan du bli med på kveldstur og kveldsgudsteneste på Frekhaug.

Dersom vêret er bra, tek vi turen opp på Krossfjellet (287 m.o.h) og et kveldsmat på toppen. Dette er ein lettgått og fin tur på skogsveg/sti, som byr på fin utsikt over søre delen av Holsnøy og innseglinga til Bergen.

Skulle det visa seg at det ikkje blir bra nok vêr til kveldsmat på toppen, legg vi turen lågare i terrenget og stoppar heller i ein gapahuk. Uansett rute er dette ein kjekk moglegheit til å lufta seg og vera sosial.

Etter turen kan du bli med vidare til kveldsgudsteneste i Meland kyrkje.

Kle deg etter vêret, og ta med deg mat, drikke, ein ekstra genser, refleks og hodelykt/eventuelt ei vanleg lykt.

Oppmøte ved bensinstasjonen på Frekhaug  (Esso-stasjon) kl.17. Vi blir ute ca. 2 timar. Kveldsgudstenesta begynner kl.19.30 og varer ca. 1 time.

Det er mogleg å skifta klede på toalettet på bensinstasjonen før gudstenesta.

Vi håpar flest mogleg vil vera med på begge deler, men det er mogleg å berre vera med på ein av delane. Dersom du berre vil vera med på ein av delane, så skriv det i kommentarfeltet i påmeldingsskjemaet.

Påmelding via Tråkk si nettside seinast kl.15 samme dag.

Turleiar er Anne-Lise Nordpoll. Ta kontakt på tlf. 98 69 64 59 dersom du har spørsmål eller treng skyss frå Bergen.












    • Anne-Lise Nordpoll
    • Ingjerd Solberg Nygaard




Bookings



0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar