Tid:
Dato: mandag 22-07-19 , 00:00 - fredag 26-07-19 , 23:59

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Kyrkja

Ferdighetskrav: * * * * , ein del klyving
Tidsramme for turen: ca 5 timar pluss pausar. 70 min køyring kvar veg.
Antall kilometer: 8 km t/r
Stigning: ca. 635 høgdemeter, ein del klyving.
Maks antall deltakere: 15

Turbeskrivelse:

I midten av Jotunheimen ligg den spisse og karakteristiske Kyrkja 2032 moh. Kyrkja er ein av klassikarane i Jotunheimen og er ein forholdsvis lett tilgjengeleg 2000 meterstopp. Utsikta frå toppen er vel verd turen der ein kan skue fjell som Galdhøpiggen, Horrungane og Smørstabbtindane.
Turen startar frå Leirvassbu turisthytte. Frå Leirvassbu går ein sørover på grusveg før ein tek av og følger ein merka sti langs Leirvatnet til Høgvagle. Derifrå følger ein ryggen mot dalsøkket mellom Kyrkja og Kyrkjeoksle. Ved høgde 1700moh et lite stykke før Kyrkjeoksle kan ein med fordel halde til venstre. I starten er stigninga opp mot Kyrkja prega av steinur, det siste stykket mot toppen er bratt og ein må klyve den heilt siste biten. Ta god tid til å nyte utsikten frå toppen før retur same veg.

Vegforklaring:

Køyr utpå Fv55 mot søraust.
Følg Fv55 i om lag 54 km
Sving til høgre inn på Leirdalsvegen Følg Leirdalvegen i om lag 14,4
Parker på Leirvassbu.














Kommentarer

kommentarer