Tid:
Dato: mandag 24-07-17 , 00:00 - fredag 28-07-17 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Lundaskaret (1000 moh)

Foto: Egil Rotevatn

Ferdighetskrav: ***  Bratt, men ikkje utsett.
Tidsramme for turen:  ca. 3 timer uten pauser + 50 min kjøring kvar veg. Totalt 5 timar pluss pauser
Antall kilometer:  ca. 4 km t/r
Stigning:  ca. 600 høgdemeter (360-1000 moh)
Maks antall deltakere: 15 stk

Innerst i Kjøsnesfjorden ligg Lundaskaret. Dette var vegen for å kome seg frå Jølster til Fjærland før tunnelen opna i 1989.
Det er eit bratt skar som relativt nyleg har vorte utbetra av Sherpaar frå Nepal så sjølv om det er litt bratt så er det ein grei tur. Ein kjem seg her raskt opp i høgda og har flott utsikt mot Tverrbreen.

Vi køyrer E39 sørover til Skei der vi tek av mot Sogndal. Vi køyrer vidare inn til enden av Kjøsnesfjorden og opp til Fjærlandstunnelen. Rett før tunnelinnslaget er det ein stor parkeringsplass på høgre side som vi parkerer på.

Turen startar med det farligste på heile turen, nemleg kryssing av vegen. Herifrå føl ein tydeleg sti heile vegen til topps. Stien går først innover langs elva før den svingar av til høgre og opp der det flatar ut på knapt 1000m.

Oppe har ein muligheit til å bevege seg litt innover og kanskje bade i isvatn. Ein kan også ta innover mot Tverrfjellet og få litt meir utsikt ut Kjøsnesfjorden.





  • Kun for deltakere på sommertur.


  • Avtales ved oppmøte.


  • Kvelden før.





Kommentarer

kommentarer