Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Mannen (400 moh)

 

Ferdighetskrav: * *
Tidsramme for turen: ca 2 timar inkludert pause, 20 min. køyring kvar veg.
Antall kilometer: ca. 2,5 km t/r
Stigning: 400 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto: M. S. T. Hansen

Køyr mot Hauklandsstranda ved å følgje E10 i 8,5 km, ta av til venstre inn på Leiteveien følg denne i 1,5 km, ta svakt av mot høgre inn på Vikveien følg denne i 2,8 km. Ta av mot høgre og følg Uttakleivvegen i eim knapp kilometer til parkeringen til Hauklandsstranda. Turen startar frå parkeringsplassen til Hauklandsstranda. Følg vegen som går til høgre for Uttakleivtunnelen. Ta av til venstre inn på kjerreveg ved lysmastene på toppen av bakken. Kjerrevegen går i sikksakk oppover skaret. Ta til venstre på tydeleg sti på toppen av skaret. Følg ryggen vidare mot toppunktet. Enkelte parti kan vera litt luftige. Vel oppe på toppen ventar ein nydeleg utsikt. Mot sør kan ein sjå over til Offersøykammen og Flakstadøya. Mot aust har ein utsikt mot Himmeltinden. Hauklandsstranda er eit flott skue frå toppen av Mannen. Returen går same veg.

 









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.