Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Middagstinden (363 moh) - Breidtinden (501 moh) – Ramntinden (371 moh)

Ferdighetskrav: * * *
Tidsramme for turen: ca. 3 timar turtid pluss pausar, 26 min køyring til og 20 min køyring tilbake
Antall kilometer: ca. 4,5 km
Stigning: ca. 600 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto: fjelltrotter.com

Turen startar i Sandsund. Det er 22 km å køyre frå leiren. Køyr E10 sørover, ta av mot Stamsund i Leknes. Ta av mot høgre etter 1,5 km og køyr 8 km forbi Ramsvik til Sandsund.
Det går tydeleg sti oppover mot Middagstinden (363 moh). Det går sti vidare mot Fukdalen og så følgjer ein ryggen nordaustover opp til Breidtinden (501 moh). Frå Breidtinden går det sti ned i skaret mellom Breidtinden og Ramntinden. Deretter fortset ein nordover opp på Ramntind (371 moh). Derifrå går ein ned lia på vestsida av Ramntinden til Einangen.
Turen har fleire luftige parti.

 









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.