Tid:
Dato: lørdag 06-03-21 , 12:30

Pris:
0,00

Antall plasser:
15


Natur og litt kultur i Alvøen

Lørdag 6. mars reiser vi til Alvøen hovudgård i Bergen vest for å gå ein tur på grusvegar i spennande og historiske omgjevnadar.

Alvøen er ein gammal industristad der det har vore både papirfabrikk, verkstader og butikk. I dag kan ein nyta synet av eit førtitals velhaldne arbeidarbustadar og utforska området rundt den gamle direktørbustaden. Det tek vi oss tid til å gjera, og i tillegg går vi tur på grusvegar i den flotte skogen like ved.

Turen vil vara i 2-3 timar (lengda blir tilpassa vêret) og passar for alle.

Oppmøte på p-plass like ved Alvøen kai kl.12.30 (på venstre side, rett før du kjem til kaien)

Det bruker å vera bra med parkeringsplasser her. Det er også busstopp på den gamle ferjekaien i Alvøen. Buss nr. 42, som går frå Loddefjord terminal kl.12.22, kan nyttast. Dersom du tar denne bussavgangen, så venter vi på deg på kaien.

Det blir matpause undervegs på turen. Hugs å ta med mat og drikke. Eit sitjeunderlag og ein ekstra genser kan også vera kjekt å ha i pausen.

Tråkk følgjer nasjonale retningslinjer for å unngå koronasmitte, og krev for tida påmelding på alle arrangement.

Påmeldinga skjer via Tråkk si nettside. Skriv i påmeldinga visst du tar bussen, så venter vi på deg. 

På grunn av koronarestriksjonane er vi forsiktige med felleskøyring. Kontakt turleiar visst du treng skyss eller har spørsmål.

Turleiar er Anne-Lise Nordpoll, tlf. 98 69 64 59.












    • Anne-Lise Nordpoll
    • Thomas Villanger
    • Ingjerd Solberg Nygaard
    • Anne Kristi Lilletvedt
    • Nobukazu Imazu
    • Crystal Chang Din
    • Solrun H
    • Anne Lise Torsvik
    • Lars Martin Bødal
    • Kirsten
    • Torbjørn OJ
    • Audun
    • Reidun Valen




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.