Tid:
Dato: mandag 24-07-17 , 00:00 - fredag 28-07-17 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Oldeskaret (1144moh) Briksdalen - Stardalen

Foto: www.fjordpeaks.com

Ferdighetskrav: ****
Tidsramme for turen: ca. 4-5t pluss pauser 60/90 min kjøring på kvar side totalt 7-8 timar + pauser
Antall kilometer: ca. 9 km t/r
Stigning: 1000m (140-1144-650 moh)
Maks antall deltakere: 15 stk

Overgongen frå Briksdalen i Stryn til Stardalen var i tidlegare tider den viktigaste ferdselsåra mellom Stryn og Jølster, Nordfjord og Sunnfjord. Biltur til Briksdalen er verdt turen i seg sjølv, og her får vi flott utsikt rett inn dalen, spennande terreng, varme (?) badevatn og ei flott avslutning langs elva i Langedalen.
Det er relativt bratt opp Oldeskaret, men sommaren 2014 og 2015 jobba Sherpaar med å ruste den opp med trapper og kjettingar, så turen skal no vere grei for dei fleste.

Vi går frå Melkvoll og føl stien, her er det egentlig ikkje mulig å ta feil. Turen er blåmerka av Turistforeninga og er teikna inn på kartet, så det skal vere relativt greitt å finne fram. Vi tek ein obligatorisk stopp på Gløvre, det spennande skaret i fjellet som du kan sjå på turbiletet. Vi går innom Jarbu som er merka inn på kartet på ca. 1000m. Bading i fjellvatna er aktuelt om veiret innbyr til dette før vi går vidare ned mot Haugastøylen i flatt terreng langs elva. Undervegs treff vi gruppa som går motsett veg og utvekslar bilnøklar. Det går tur motsatt vei samme dag, vi benytter oss derfor på returen av bilene til de som går motsatt vei.





  • Kun for deltakere på sommertur.


  • Avtales ved oppmøte.


  • Kvelden før.





Kommentarer

kommentarer