Tid:
Dato: lørdag 15-08-20 , 17:00 - søndag 16-08-20 , 14:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
10


Overnatting i hengekøye

Dette blir ein tur med låge skuldre og høg kosefaktor. Turen passar like godt enten du vil prøva hengekøya di for første gong eller alt er hekta på å sova ute under open himmel.

Lørdag 15. august køyrer vi til Rossland skule nord på Holsnøy og går ca. 50 minutt på asfalt/skogsveg før vi slår leir ved eit vatn i idylliske Skintveitmarka.

Turleiarane lagar middag, og du kan slappa av, bada i vatnet eller sjå deg rundt før kveldsmørket kjem. Neste dag vaknar vi med sola, et matpakkene våre og slappar av eit par timar til vi får lyst å returnera til bilen.

Du må ha med hengekøye med myggnett (evt. mygghatt) sjølv.

Tråkk ordnar middag laurdag. Du tar med frukost, lunsj og drikke.

Oppmøte: P-plass ved Flatøy bussterminal lørdag kl.17 eller Rossland skule kl. 17.20. Vi er tilbake seinast søndag kl.14.

Pris: 100 kr betalt til kontonr. 1503.02.47024 før turen begynner

Påmelding via Tråkk si nettside innan fredag 14. august kl. 23.00

Pakkeliste:

Tursekk med plass til hengekøye, opphengstau, myggnett, liggeunderlag, sovepose, niste til frukost og lunsj, minst 1,5-2 liter vatn eller anna drikke, tallerken, bestikk, kopp, hodelykt (evt. lommelykt), ullundertøy til å sova i, varm genser/jakke, hue, buff, solkrem, solbriller, antibac og badetøy/handkle (visst du vil bada). Låge tursko er ok. Du treng ikkje fjellsko.

Det er romsleg turparkering ved Rossland skule. Pga korona oppfordar vi ikkje til felleskøyring, men turleiarane kan eventuelt hjelpa med skyss.

Har du spørsmål, ta kontakt med turleiar Anne-Lise Nordpoll, tlf. 98 69 64 59 eller Lillian Mostraum Tlf. 975 64 448












    • Lillian Mostraum
    • Anne-Lise Nordpoll
    • Ingjerd Solberg Nygaard
    • Thomas Villanger
    • Torbjørn Oma Jensen
    • Jan Halvard Edvardsen




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.