Tid:
Dato: lørdag 15-05-21 , 10:00

Pris:
200,00

Antall plasser:
8


Padletur i Storavatnet på Holsnøy

Storavatnet er ei perle på Holsnøy. Vatnet kan utforskast frå fleire sider. Vi leiger kanoar og startar turen ved Rossland skule.

Då får vi ein spennande tur der vi enkelt kan bevega oss frå Rylandsvatnet og over i Bjørndalsvatnet. Frå Bjørndalsvatnet følgjer vi ein smal kanal inn i sjølve Storavatnet. Å padla her er ei flott naturoppleving, og det er ikkje så langt.

Undervegs finn vi oss ein holme der vi går i land for å eta lunsj og slappa av.

Oppmøte på p-plass ved Ado arena (symjehallen i Bergen) kl.10 eller på turparkeringa ved Rossland skule kl.11. Lengda på turen vert tilpassa vêret og gruppa sine ønskjer. Vi er tilbake i Bergen seinast kl.19.

For å vera med på turen må du kunna symja og vera komfortabel med å padla kano, men det er ikkje nødvendig med mykje erfaring. Ta med lunsj, drikke, flytevest og eit ekstra klesskift som du pakkar vasstett. Dersom du ikkje har flytevest, så kontakt turleiar som har nokre få vestar til utlån.

Det er plass til maks 8 deltakarar.

Turen kostar 200 kr, som du betaler til konto nr. 1503.02.47024 samtidig med at du melder deg på. Visst du vil delta på fellestransport, må du i tillegg betala litt til sjåføren.

Påmelding via skjema på Tråkk si nettside.
Påmeldinga opner 17. april kl. 21 og stenger  1. mai kl. 21. Skriv i påmeldinga om du køyrer sjølv eller treng transport og kor du vil møta. 

Tråkk følgjer dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjer for å unngå koronasmitte.

Har du spørsmål, kontakt turleiarane Anne-Lise Nordpoll Tlf. 98 69 64 59 eller Lillian Mostraum Tlf. 975 64 448














Bookings

200,00

Kan køyra, og har plass i bil
Trenger skyss