Tid:
Dato: lørdag 13-06-20 , 10:00 - søndag 14-06-20 , 17:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Padletur i Storavatnet på Holsnøy

Storavatnet er ei perle på Holsnøy. Vatnet kan utforskast frå fleire sider. Vi leiger kanoar og startar turen ved Rossland skule.

Då får vi ein spennande tur der vi enkelt kan bevega oss frå Rylandsvatnet og over i Bjørndalsvatnet. Frå Bjørndalsvatnet følgjer vi ein smal kanal inn i sjølve Storavatnet. Å padla her er ei flott naturoppleving, og det er ikkje så langt.

Vel framme i Storavatnet finn vi oss ein holme der vi kan gå i land. Vi lager mat og overnatter i telt til neste dag. Har du lyst til å testa badetemperaturen, fiska eller padla litt rundt på eigahand er det gode moglegheiter til det. Dersom du har eigen kajakk og heller vil bruka den enn å leiga kano, så kan du gjera det.

Oppmøte på p-plass ved Ado arena (symjehallen i Bergen) kl.10 eller på pendlerparkering ved Flatøy terminal kl.10.30

Vi er tilbake i Bergen seinast kl.17 neste dag.

For å vera med på turen må du kunna symja og vera komfortabel med å padla kano, men det er ikkje nødvendig med mykje erfaring.

Det er plass til maks 8 deltakarar på turen. Ved dårleg vêr eller liten interesse for overnatting, vil samme tur bli arrangert som dagstur.

Påmelding via skjema på Tråkk si nettside. Informasjon om pris og pakkeliste blir lagt ut når påmeldinga opnar.

Har du spørsmål, så kontakt turleiarane Anne-Lise Nordpoll Tlf. 98 69 64 59 eller Lillian Mostraum Tlf. 97564448














Kommentarer

kommentarer