Dato: søndag 06-03-22 , 15:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
20
Rundtur i Hordvik
Søndag 6. mars blir det rundtur i kulturlandskapet i Hordvik og besøk i Magnusløa, som ligg fint plassert i skaret oppom Sætregården.
Vi startar turen frå Hordvik skule. Herifrå går vi litt på grus og litt på sti opp til Sætregården og vidare til Magnusløa. Magnusløa er romsleg og koseleg innreia løe, som vert nytta både av turgåarar og av den lokale kyrkjelyden til enkle gudstenester.
Vi tek oss tid til ein god rast i løa og deler eit ord for kvelden, før vi følgjer asfaltvegen ned igjen frå fjellet og tilbake til utgangspunktet.
Oppmøte på parkeringsplassen inne i tunet til Hordvik skule kl.15. Vi reknar med å vera ute i ca. 3 timar, der ca. 2-2,5 timar er tur. Ved dårleg vêr kortar vi ned ruta.
Ta med niste, drikke, ein varm genser og eit sitteunderlag til pausen.
Ruta er lettgått, men det er litt stigning, og skulle det vera glatt denne dagen, så bør du ha med broddar.
Det er gratis å delta, og både nye og gamle tråkkarar er hjarteleg velkommen.
Ta kontakt med Anne-Lise Tlf. 98 69 64 59 eller Torbjørn tlf. 452 06 181 dersom du har spørsmål om turen eller skyss.
Det er mogleg å ta buss nr. 36 frå Åsane terminal kl.14.27 til Hordvik skule. Gi beskjed til turleiar dersom du kjem med buss, så ventar vi på deg.
Påmelding via skjema på Tråkk Bergen si nettside innan kl.12 same dag.
-
-
-
-
-
- Anne-Lise Nordpoll
- Lillian Mostraum
- Torbjørn Oma Jensen
- Thomas Villanger
- Jan Halvard Edvardsen
- Ingjerd Solberg Nygaard
- Elisabeth Lundeby
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.