Tid:
Dato: mandag 24-07-17 , 00:00 - fredag 28-07-17 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Skåla (1848 moh)

Foto: www.westcoastpeaks.com

Ferdighetskrav: *****
Tidsramme for turen:  ca. 5 timer opp og 3 t ned, 1 time køyring kvar veg – totalt 10 t + pausar
Antall kilometer:  ca. 16 km t/r
Stigning:  ca. 1808 høydemeter (40-1848 moh)
Maks antall deltakere: 15 stk

Turen startar frå parkeringsplassen rett ved Tjugen Camping i Loen. Køyr til Loen via Byrkjelo og ta av opp mot Lodalen, køyr litt forbi Tjugen Camping, parkeringsplass på høgre side. Det er god sti som er merka. Turen startar på traktorveg, før ein tek av på ein sti gjennom skogen, og etter kvart ut i opnare terreng oppover dalen langs elva Fosdøla som vi kryssar ved ca 650 moh samtidig som vi går inn i Jostedalsbreen nasjonalpark. Vi går stadig lengre frå elva til vi ved ca 800 moh tek sørover og går mot Skålelva og Skålavatnet (1142 moh), herifrå og opp er det ein del trapper og hellelagt sti. Frå Vatnet går vi austover opp skaret mellom Skåla og Sandsnibba. På 1400 moh er det lurt å fylle vatn før vegen går nordover til om lag 1700 moh der det er flott utsikt om ein går nord til kanten. herifrå går stien austover opp til toppen der det no ligg to turistforeningshytter. Det runde Skålatårnet (Kloumannstårnet) som vart bygd sommaren 1891 og den nye Skålabu som vart sett opp hausten 2016. Turen ned går same veg som opp.





  • Kun for deltakere på sommertur.


  • Avtales ved oppmøte.


  • Kvelden før.





Kommentarer

kommentarer