Tid:
Dato: fredag 01-03-24 , 00:00 - søndag 03-03-24 , 23:59

Pris:
0,00

Antall plasser:
35


Skihelg i Hemsedal

Tradisjonen tru, inviterer Tråkk Oslo og Tråkk Bergen til den store skihelga i Hemsedal. Velkomen med!

 

KORT OM PROGRAMMET

Fredag: Etter ankomst Hemsedal høyfjellssenter ettermiddag/kveld, innkvartering på rom eller hytte, og eit varmt måltid (suppe), samlast me til andakt, lovsong og fellesskap.

Laurdag: Etter frukost med nistesmøring, kosar me oss på ski heile dagen. Dei langrennsinteresserte kan nyta den storslåtte naturen i Hemsedalsområdet i flotte preparerte skiløyper. Turleiarar sørgjer for fellestur med ulik lengd. Dei som heller vil boltra seg i bakkane i Hemsedal skisenter, kan gjera det. Alpinanlegget tilbyr kjøp av skikort. Dette kan kjøpast første dag i bakken. Dersom me har turleiar(ar) med toppturkompetanse, og vær og føre tillèt det, kan det også bli mulighet for organisert topptur denne dagen.

Om kvelden inntek me ein nydeleg middag med dessert i kjent Hemsedal høyfjellssenter-stil, før me avsluttar dagen med andakt, lovsong og fellesskap utover kvelden. Kanskje blir det eit underholdningsinnslag eller to, og kanskje tek nokon initiativ til swing for dei som måtte vera lysne på det? Høgfjellssenteret disponerer elles badstu og boblebad, og ein del brettspel.

Søndag: Etter frukost med nistesmøring, spenner dei som vil på seg skia for ein siste langrennstur, tur i bakken eller eventuelt topptur før heimreise.

Det er berre å gleda seg til ei fantastisk helg!

 

PÅMELDING OG DELTAKARAVGIFT

Påmeldinga opnar onsdag 10. januar kl. 21:00, og stengjer fredag 16. februar kl. 21:00. For å gjera turplanlegginga enklare, ynskjer me at deltakarane melder seg på så tidleg som råd. Deltakaravgifta betalast til kontonummer 1503.02.47024 (Tråkk Bergen) ved påmelding, og seinast tre (3) dagar etter påmeldinga.

 

NB! Det er mogleg med ankomst Hemsedal høyfjellssenter også onsdag 28. eller torsdag 29. februar.

 

Alternativ 1: Helg (fredag-søndag): Kr. 2350. NB! Frå mandag 12. februar, stig prisen til kr. 2550.

Alternativ 2: Langhelg (torsdag-søndag): Kr. 2960. NB! Frå mandag 12. februar, stig prisen til kr. 3160. Det blir servert varmt måltid (suppe) torsdag kveld, og frukost med nistesmøring fredag.

Alternativ 3: Ekstra lang helg (onsdag-søndag): Kr. 3515. NB! Frå mandag 12. februar, stig prisen til kr. 3715. Det blir ikkje servert noko måltid onsdag kveld, men frukost med nistesmøring torsdag, varmt måltid (suppe) torsdag kveld, og frukost med nistesmøring fredag.

 

Deltakaravgifta dekker kost og losji, og utvask.

 

NB! Ved påmelding, opplys om eventuelle matallergiar eller anna me i turkomiteen bør vita om.

Påmelding er bindande. Ved avmelding grunna dokumentert sjukdom, vil halvparten av deltakaravgifta bli refundert. Ved avmelding av andre årsaker, vil ingenting bli refundert. Dersom ein deltakar ser seg nøydd til å melda seg av arrangementet, er det viktig at Even (Tråkk Oslo) eller Maria (Tråkk Bergen) (sjå kontaktinformasjon under) får melding om dette så tidleg som råd.

 

ANNAN INFORMASJON

Deltakarane kjem seg til/frå Hemsedal høyfjellssenter på eigahand, men kontaktpersonane Even (Tråkk Oslo) og Maria (Tråkk Bergen) kan formidla kontakt mellom personar frå omtrent same plass som ynskjer å reisa ilag med nokon tur/retur. Frå Oslo og Bergen er alternativet:

  • Tog:
    • Tog til Gol, og lokalbuss (frå Gol stasjon) vidare til Tuv i Hemsedal (som ligg omtrent 8 km frå høgfjellssenteret), og (maxi)taxi fram til høgfjellssenteret.
    • Tog til Gol, og Vy ekspressbuss (frå Gol skysstasjon) til busstoppet «KRIK høyfjellssenter» (som er busstoppet ved Hemsedal høyfjellssenter).
  • Buss:
    • Frå Oslo: Vy ekspressbuss frå Oslo til «KRIK høyfjellssenter» (som er busstoppet ved Hemsedal høyfjellssenter)
    • Frå Bergen: NOR-WAY bussekspress Bergen-Håbakken (Lærdal), og VY ekspressbuss Håbakken-«KRIK høyfjellssenter» (som er busstoppet ved Hemsedal høyfjellssenter)
  • Privatbil

Deltakarar som disponerer privatbil, vil få spørsmål om å tilby skyss til/frå aktivitet laurdag og/eller søndag. Dersom dei er villige til dette, vil dei motta køyregodtgjersle (ca. kr. 3,50 per km delt på antall personar i bilen) frå passasjerane. Køyregodtgjersla betalast direkte til sjåføren.

Sengetøy (inkludert to handkle) kan leigast ved høgfjellssenteret for kr. 130. Varm drikke til termos på tur kan kjøpast i kiosken. Det kan også kaffi/te utanom måltid, og kioskvarer.

 

Deltakarane vil få tilsendt epost med pakkeliste m.m. uti februar.

Her kan du lesa meir om Hemsedal høyfjellssenter.

 

For spørsmål, ta kontakt med:
* Even Salvesen (tlf.nr. 936 55 301, eller even.salvesen@gmail.com), Tråkk Oslo
* Maria Sørhus (tlf.nr. 454 29 610, eller sorhusmaria@gmail.com), Tråkk Bergen

 

Velkomen til skihelg med Tråkk i Hemsedal!



  • Sjå turskildringa over.


  • Kr. 2350 / kr. 2960 / kr. 3515.


  • Transport betalast direkte til sjåfør.


  • Påmelding opnar 10. januar, og stengjer 16. februar.



    • Maria Sørhus
    • Hege Størdal Nilsen
    • Geirid Klepaker
    • Anita Olausen
    • Astrid Øvstedal
    • Kristin Jellestad
    • Kari Helene Edvardsen
    • Jon Eivind Stranden
    • Astrid Tjugen
    • Even Salvesen
    • Håkon Rødseth
    • Martha Elisabeth Jensstuen
    • Bodil Espeland
    • Tarjei
    • Olav Gravir Imenes
    • Anders Martin Solberg
    • Jan Halvard Edvardsen
    • Sven Ødegård
    • Elias Näslund
    • Ingrid Wiik
    • Thomas Villanger
    • Jon Tingvold
    • Dag Mathiassen
    • Lars




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.