Jan Halvard Edvardsen
Tid:
Dato: fredag 12-04-24 , 19:30 - søndag 14-04-24 , 19:30

Pris:
0,00

Antall plasser:
10


Skihelg i Myrkdalen

Påska kjem tidleg i år, og Tråkk Bergen satsar på at det også er snø i Myrkdalen etter dette. Vi inviterer deg med på ei skihelg i Myrkdalen midt i april. Dette er ein god sjanse for deg som ynskjer at skisesongen varar lengst mogleg til å få ein fin avslutning på vinteren. I Myrkdalen kan du kose deg både på langrenn og alpint i eit flott skiområde saman med turglade tråkkarar.

Tråkk har leigd Helgatunlia 2, ei leilegheit med 10 sengeplassar i eit nytt leilegheitsbygg. Her kan vi boltre oss over 2 etasjar med 2 stover, 5 soverom og 2 bad. Her det ski inn/ut til Myrkdalen skisenter og mange kilometer med lysløyper i området rundt.

På dagtid kan du velgje å stå alpint eller gå langrenn, og ta gode pausar i solveggen eller varmestuene. Når vi på laurdagen kjem tilbake i leilegheita etter ein lang dag på ski kan vi glede oss over at vi slepp å lage middagen sjølv.  Alle måltida, varmt måltid fredag og laurdag kveld og frukost med nistesmørjing laurdag og søndag, blir servert på Helgatun fjellpensjonat.

Plassar: 10 deltakarar

Pris: Betal 1900,- kr til konto 1503.02.47024 når du melder deg på. Køyrepengar kjem i tillegg, og taksten er 3,5 kr pr. km delt på personar i bilen. Dette betalar du direkte til sjåføren.

Deltakaravgifta dekker overnatting frå fredag til søndag, måltid og utvask av leilegheita. Gje beskjed om matallergiar ved påmelding.

Påmelding via skjemaet på denne nettsida. Vi opnar påmeldinga mandag 4. mars klokka 21.00 og stenger fredag den 5. april klokka 21.00.

Meir informasjon om avreise, pakkeliste og liknande blir sendt ut på epost når turen nærmar seg.

Ved påmelding ber vi om at du opplyser om eventuell matallergi, og kva tidspunkt du kan vere klar til avreise frå Bergensområdet.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med ein av turleiarane; Jan Halvard Edvardsen tlf. 958 13 721 eller Torbjørn Oma Jensen tlf. 452 06 181














Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.