Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Skottinden (671 moh) og Nonstinden (459 moh)

Ferdighetskrav: * * * * *
Tidsramme for turen: 6-7 timar turtid pluss pausar, 25 min køyring ein veg
Antall kilometer: ca. 13 km
Stigning: ca. 1200 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto: fjelltrotter.com

Turen startar ved Ballstad skule (Skottnesveien 257). Det er 21 km å køyre frå leiren. Køyr E10 sørover, ta av mot Ballstad etter Leknes.
Følg kjerreveg som går innover Kyllingdalen. Etter kvart går den over til å bli ein sti som så forsvinn i eit granplantefelt oppover mot Dalsskaret. Følg ein liten bekk gjennom granfeltet. Ta til høgre mot slutten av granfeltet over ei steinur for å finne tilbake til stien. Det er sti opp til Dalsskaret. Der er det mange dyretrakk som ein kan følgje vidare sørover mot Trolltindan (305 moh), hald på høgre side av denne, og så opp på Breitinden (462 moh). Frå Breidtinden går det slakt nedover nesten 100 høgdemeter. Gå sørover til du møter på T-merka sti som følgjer ryggen opp på Skottinden frå vest. Toppen er luftig med god utsikt mot Ballstad i aust og Nappstraumen i vest.
Følg T-merka sti nordvestover ned til Vittingstinden og vidare ned til ca. 60 moh. Der kjem du inn på ein sti som går sørover slakt nedover til Nappstraumen. Der fortset stien på svaberg sørover. Etter kvart går stien litt opp i fjellet og fortset til Grena. Derifrå tek ein av på merka sti opp mot Ballstadheia. Ein tar til venstre på ca. 250 moh og følger ryggen opp til Nonstinden (459 moh). Derifrå tar ein austover og følgjer stien på austryggen ned til Ballstad.
Det er ein del parti med laus grus. Toppunktet på Skottinden er veldig luftig.









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.