Dato: mandag 26-07-21 , 00:00 - fredag 30-07-21 , 23:59
Pris:
0,00
Antall plasser:
32
Sommartur til Nordfjord
Vi veit det er mange som saknar sommartur. Difor er vi i Tråkk Bergen glade for å kunna tilby eit alternativ i veke 30.
Måndag 26.juli til fredag 30. juli slår vi leir på campingplassen Fjordsight i Nordfjord. Campingplassen ligg idyllisk til ved fjorden i den vesle bygda Bryggja, ca. 30 minutt køyring frå Måløy.
Her bur du midt i smørauget enten du vil besøka flotte strender som Refviksanden, Ervika og surfestranda i Hoddevik, lokale attraksjonar som Kråkenes fyr, Kannesteinen og Vestkapp, bli med på båttur til klosterøya og sjå den idylliske bygda Selje eller gå fotturar i ulike lengdar og høgdar opp til 900 m.o.h. Med fem dagar i området kan du få med deg litt av kvart.
Vi legg opp til to turar kvar dag. Ein enkel tur/utflukt og ein middels eller krevjande fjelltur. Turalternativa vert presentert på ei samling i leiren kvelden før. Har du lyst på rolige dagar der du berre blir i leiren eller reiser på eiga hand, er det også mogleg.
På kveldane blir det sosiale samlingar i leiren og vi har avtale med eigaren av flotte Ulvesund fyr, som har invitert oss til å ta middagen der ein kveld. Er vi heldige, får vi også ein liten konsert.
Fjordsight camping er romslig. Vi legg i utgangspunktet opp til at alle bur i eige telt eller eventuelt deler telt med ein venn. Campingplassen ordnar det slik at vi får eit område for oss sjølv, og vi får tilgang til sanitæranlegg med dusj og eit lite kjøkken.
Bygda Bryggja og campingplassen er lett å finna enten du kjem med bil eller reiser kollektivt. Vil du reisa kollektivt, kan du ta hurtigbåt frå Bergen til Måløy og ta lokalbuss det siste stykket. Det er også mogleg å komma seg hit med ein kombinasjon av ekspressbuss og lokalbuss frå Oslo eller Bergen.
Det er ein mindre daglegvarebutikk og eit bakeri i gangavstand til campingplassen. Det er også større daglegvarebutikkar i Måløy, Deknepollen og Nordfjordeid. Maten order du sjølv, slik du gjer på ein vanleg sommartur.
Sommarturen har eigentleg plass til 25 deltakarar, men det er nå økt til 30!
Påmeldinga opnar fredag 28. mai kl 21 og stengjer fredag 2. juli kl 21.
Prisen er kr 1200 per telt for heile veka. Det er mogleg for 2 personar å dela telt. Då blir prisen delt på to. Dersom du deler telt med nokon, må du skriva namnet på vedkommande i kommentarfeltet, når du melder deg på.
Ønskjer du innandørs overnatting, betaler du berre 200 kr til Tråkk. Då må du kontakta campingplassen eller andre overnattingstilbod i nærleiken og betala for overnattinga direkte til dei. Ved påmelding må du opplysa om at du ordner overnatting sjølv.
Betaling ved påmelding til kontonummer: 1503.02.47024
Påmeldinga er bindande og avmeldingsreglane våre finn du her.
Dersom turen vert fullteikna, kan du sette deg på venteliste med å sende ein epost til Lillian Mostraum.
Det vil bli sendt ut ein epost med meir informasjon til deltakarane i god tid før turen.
Har du spørsmål kontakt styreleiar i Tråkk Bergen, Lillian Mostraum. Tlf. 97564448. E-post: lillianmostraum@gmail.com
-
-
Kr. 1200. Betaling ved påmelding til kontonummer: 1503.02.47024
-
-
-
- Anne-Lise Nordpoll
- Lillian Mostraum
- Thomas Villanger
- Torbjørn Oma Jensen
- Miriam Røren
- ingrid johansen
- Gunn Malene Scheie Johansen
- Karen Merete Linjord
- Ragnhild Horne Åsebø
- Ingjerd Solberg Nygaard
- Dag Mathiassen
- Crystal Chang Din
- Stian Pedersen
- Kari Helene Edvardsen
- Even Salvesen
- Jon Tingvold
- Kristin
- Tina Louise Bennett
- Olav L
- Hege Kristine
- Olav Gravir Imenes
- Anders
- Sven Ødegård
- Benedicte
- Morten
- Pål
- Lars Martin Bødal
- Martin Skarsvåg
- Ingunn
- Kristine
- Ingebjørg
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.