Tid:
Dato: onsdag 19-02-20 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Spontantur på ski

Før eller seinare kjem snøen til Bergen. Då hiv vi oss rundt og arrangerer spontantur på ski. Vi håper å få til både ein tur på langrennski og tur til ein alpinbakke i løpet av vinteren.

Langrennsturen vil gå i lysløypa på Fløyen på ettermiddagstid eller som dagstur til Gullbotn på ein lørdag eller ein søndag. Turen vil gå i rolig tempo og passe for alle som har gått litt på ski før.

Alpinturen går enten til Eikedalen skisenter eller til Voss avhengig av korleis snøforholda er. Vi køyrer i lag til skisenteret for å ha ein kjekk dag i bakken.

NB! Datoen som står oppført på arrangementet akkurat no er ikkje reell. Vi måtte berre sette ein dato for å få publisert arrangementet. Dag og tidspunkt vil bli annonsert kort tid før. Følg med på Facebook-sida til Tråkk eller meld di interesse til turleiarane, slik at dei varsler deg direkte om det blir tur.

Turleiarar langrenn: Anne-Lise Nordpoll Tlf. 98 69 64 59 og Lillian Mostraum Tlf. 97 56 44 48

Turleiar alpin: Torbjørn Oma Jensen Tlf. 45 2061 81

 

 

 














Kommentarer

kommentarer