Tid:
Dato: lørdag 18-05-19 , 11:45

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Spontantur til Eldsfjellet

Eldsfjellet nord i Meland, er Meland kommune sitt høgaste fjell. Toppen ruvar berre 324 meter over havet, men på grunn av det låge landskapet rundt og den spesielle bergtypen byr Eldsfjellet på skikkeleg fjellfølelse.

Me går ein rundtur frå Skurtveit opp til Varden og ned lia til Meland motorsportklubb sitt anlegg. Undervegs får me panoramautsikt over nordre delar av Meland, Askøy og langt ut i havet.

Dette blir ein sosial tur i roleg tempo. Me reknar med å bruka ca. 3 timar på rundturen og tek oss god tid til både fotostopp og matpause.

Eldsfjellet er eit populært turmål og overkommeleg for både store og små, men stien er bratt både opp og ned. Du må vera komfortabel med å gå i ulendt terreng og ha sko med godt feste. Oppover går stien på berg og nedover lia går me i furuskog der røttene kan vera sleipe.  

OPPMØTE:  På parkeringsplassen ved bussterminalen på Flatøy (like ved Nordhordlandsbrua). Det vert organisert felleskjøring frå Flatøy til Skurveit. Bilturen frå Flatøy tar 20 min.

TIDSPUNKT: Laurdag 18. mai kl 1145. Det går buss frå Bergen busstasjon (perong C) kl 11. Dersom du kjører bil og kan ha med passasjerer frå Bergen er det fint om du seier frå om det.

Dersom du har spørsmål om turen kan du ta kontakt med ein av turleiarane. Anne-Lise Nordpoll (98696459) eller Lillian Mostraum (97564448).














Kommentarer

kommentarer