Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Steinetinden (509 moh) - Skredkollen (485 moh) - Myklevikaksla

Ferdighetskrav: * * * / * * * *
Tidsramme for turen: ca. 4 timar turtid pluss pausar, 28 min køyring til og 25 min køyring tilbake
Antall kilometer: ca. 9 km
Stigning: ca. 660 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto: fjelltrotter.com

Turen startar ved Ringveien 23 i Stamsund. Det er 26 km å køyre frå leiren. Køyr E10 sørover, ta av mot Stamsund i Leknes. Ta til høgre inn på Ringveien i starten av Stamsund sentrum. Det er parkeringsplassar der.

Følg lysløypa og ta av ved skilt til Steinetinden. Stien går bratt oppover i starten til ein kjem opp mot Mannfallet (308 moh). Derifrå går stien ned i skaret før ein følgjer stien opp ryggen til Steinetinden (509 moh). Frå toppen av Steinetinden går stien sørvestover ned nesten 200 høgdemeter. Det er merka med raude piler og det er kjetting å halde seg i på deler av nedstiginga. Så går stien nordover opp igjen til Skredkollen (485 moh). Derifrå følgjer ein ryggen nordover til Sørheia. I lia på austsida ligg det eit skisenter. Sørheia er meir avrunda i forma og det går slakt nedover til skaret før Harteigvarden. Der svingar ein til høgre i stikrysset og går austover slakt oppover langs Harteigvarden og over Nordheia. Så går stien slakt nedover til Myklevikaksla (235 moh). Derifrå går ein ned lia sørover til Myklevik. Det er ikkje sikkert det er sti ned her, men det bør gå fint å finne ei passande rute ned gjennom skogen.

Turen har nokre luftige parti.









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.