Dato: mandag 22-07-19 , 00:00 - fredag 26-07-19 , 23:59
Pris:
0,00
Antall plasser:
0
Stisykling - Molden
Ferdighetskrav: | * * * Egna sykkel og litt erfaring på sti. Kontakt turleiar om du har spørsmål. |
Tidsramme for turen: | Ca 3 timer opp og 0,5 time ned + ca 25 min. køyring kvar veg |
Antall kilometer: | Ca 8 km t/r |
Stigning: | Ca 500 – 1118 moh. 610 hm |
Maks antall deltakere: | 15 |
Turbeskrivelse:
Molden har etter det mange meiner noko av den beste syklinga som er mulig å finne. Dette i tillegg til at Molden er ein av dei mest populære utsiktstoppane i Luster kommune. To alternative nedturar er mulig, begge skal vere flotte. Retur same veg som oppturen er flott flytsti til Mollandsmarki. Eit brattare og lengre alternativ er Marifjøra, her over 1100 høgdemeter ned til fjorden. Valg av retur vert bestemt etter veret og etter kven som er med.
Opp går turen som fotturen frå ein stor parkeringsplass på Mollandsmarki, litt sykling og litt “hike a bike” må ein rekne med her. Ca 600 høgdemeter opp. Ein startar på traktorveg og går over til merka og tydeleg sti heilt til toppen. Stien kan vere noko våt og gjørmete einskilde stadar. Ca halveges opp kjem ein til stølen Svarthiller, som er ein fin plass for ein pust i bakken. Her er det smart å fylle vatn på flaskene, sidan det er meir usikkert med tilgang til vatn lengre oppe. Toppen på Molden er eit platå med 3 toppar. Det anbefalast ein rundtur på alle, slik at ein får best muleg utsikt i alle retningar.
Ned igjen er det altså tilbake den eine eller andre vegen, tydelig sti begge vegar alt etter ønska til dei som er med. Vi vil kunne dele oss for nedturen om det er ønske om dette. Bilar har vi parkert slik at transporten ordnar seg tilbake.