Dato: lørdag 14-09-24 , 00:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
14
Svenningen (842 m.o.h.) via Osviddo
Velkomen på tur til Svenningen (842 m.o.h.), det høgste fjellet i tidlegare Os kommune, via vakre Osviddo!
Dersom vêret viser seg frå si beste side, lovar me storslagen utsikt mot Fusa, Samnanger og Folgefonna i aust, Bjørnafjorden, Tysnes og Kvinnherad i sør, og Gullfjellet og Byfjella i Bergen i nord.
Turen går frå A til B; frå Lønningdal til Øvredalen via Osviddo og fjelltoppen Svenningen (842 m.o.h.). Me køyrer i privatbilar til området me skal gå i. Nokre bilar blir parkerte ved Lønningdal (startpunktet for turen), medan andre blir parkerte ved Øvredalen (sluttpunktet for turen). Skriv i påmeldinga om du kan stilla med privatbil, eller om du treng skyss.
Sjølve turen er gratis, men passasjerar betalar kr. 3,50 per km i køyregodtgjersle til sjåføren. Evt. parkeringsavgift på parkeringsplassane kjem i tillegg.
Oppmøte ved Nesttun terminal kl. 08:30. Herifrå køyrer me til Lønningdal/Øvredalen.
Første del av turen går på sti i skogsterreng, med jamn stigning. Sjølve Osviddo er noko kupert, med opp- og nedstiging mellom fjelltoppane me går over. Stiginga opp til Svenningen er tidvis bratt. I nokre parti går me i steinur, med eit par luftige passasjar. På toppen av Svenningen ventar nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Første del av nedstiginga frå toppen går i steinur, med eit par bratte parti. Lenger nedi dalen passerer me eit lite vatn, før me følgjer elva ned til Øvredalen på fin sti gjennom furuskog. I furuskogen møter me på Bibelvers og kunstnariske overraskingar frå den lokale kunstnaren og poeten Jimmy Øvredal, også kjent under pseudonymet «Villmarkens sønn».
Turen til Svenningen er klassifisert som krevjande på ut.no, mellom anna grunna antall høgdemeter (898). Distansen er om lag 17 km. Det er difor viktig at dei som melder seg på turen har turerfaring, og at dei er i god fysisk form. Dette av omsyn til den einskilde turdeltakar, og til gruppa. Grunna fleire luftige parti, bør personar med høgdeskrekk ikkje delta.
Påmeldinga opnar fredag 23. august kl. 21:00, og stengjer torsdag 12. september kl. 18:00.
På denne turen er det viktig med gode (og inngåtte!) tursko, turklede som passar til vêret (hugs eit ekstra ullundertøyskift og ein varm genser i sekken til pausane), niste, tursnacks og rikeleg med drikke (det er få/ingen drikkevasskjelder på Osviddo), lue, vottar og skjerf/buff, vindtett jakke, sitjeunderlag og enkelt førstehjelpsutstyr.
NB! Turen blir avlyst på kort varsel dersom værmeldinga tilseier at det er fornuftig. I tilfelle finn me på noko anna hyggjeleg ilag, t.d. ein kortare dagstur i Byfjella.
Har du spørsmål om turen? Kontakt turleiar Maria Sørhus (tlf. 454 29 610/sorhusmaria@gmail.com) eller Torbjørn Oma Jensen (tlf. 452 06 181).
Velkommen på tur med Tråkk Bergen!
-
-
-
-
-
- Maria Sørhus
- Torbjørn Oma Jensen
- Anne Kristi Lilletvedt
- Iselin
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.