Tid:
Dato: mandag 24-07-17 , 00:00 - fredag 28-07-17 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Traudalsvatnet (334 moh)

Foto: Margot Andenes

Ferdighetskrav: *
Tidsramme for turen: Rundt 2 timar å gå, 20 min køyring kvar veg. Totalt ca. 2.5 timar + pauser.
Antall kilometer: 0,6 km inn til vatnet, så kan ein gå så langt gruppa ynskjer ca. 9 km t/r til Instevatnet. Bomveg 30 kr
Stigning: Kan gå 3 km før ein får 100 høgdemeter stigning til Instevatnet
Maks antall deltakere: 15 stk

Fylg E39 nokre km sørover og ta av til Sandane sentrum. Køyr vidare fylkesveg 615 frå Sandane sentrum mot Hyen. Etter knappe 3 km ta til venstre på fylkesveg 697 mot Rauset. Følg denne ca. 3,5 km til Grov. Etter ei bru over Ryggjaelva ta første veg til venstre. Der står skilt «Traudalen». Ta bomveg ca. 3 km til parkeringsplass ved Ryggjastøylen, der startar turen.
Traudalen er ein grøn, frodig og vakker dal, med høge fjell på sidene. Frå Ryggjastølen (336moh) er det rundt 600m å gå på sti før ein er ved Traudalsvatnet. Det er god sti å gå på, og ein kan velje å gå så langt ein ynskjer innover langs sørvestsida av vatnet, og ein kan om ynskjeleg gå vidare innover Traudalen til Instevatnet (436 moh). Det er og sti på begge sider av Traudalsvatnet, og ein kan velje å gå rundt. Vatnet er eit populært fiskevatn, og ein kan kjøpe fiskekort og fiske der om ein ynskjer det.





  • Kun for deltakere på sommertur.


  • Avtales ved oppmøte.


  • Kvelden før.





Kommentarer

kommentarer