Tid:
Dato: søndag 06-09-20 , 09:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
15


Tur i Bjørn West sine fotspor

Stordalen i Masfjorden kommune er eit flott fjellområde med ei spennande historie. Under andre verdskrig var motstandsgruppa Bjørn West stasjonert her. Søndag 6. september går vi i deira fotspor i vakker natur frå Nystølen til Stordalen fjellstove.

Turen er 6 kilometer lang og er i utgangspunktet lettgått, men siste lia ned til fjellstova er det litt bratt og sleipt. Du må vera komfortabel med å gå i ulendt terreng. Vi går i rolig tempo og reknar ca. 3 timar + pausar på fotturen. Vel framme i Stordalen kjøper vi oss middag på fjellstova før vi køyrer tilbake til byen.

Avreise frå p-plass ved Ado Arena (svømmehallen) i Bergen kl.9.00 eller Hageland i Knarvik kl.9.30. Målet er å vera tilbake i Bergen seinast kl.20

Utstyr: Fjellsko eller høge tursko (vi skal krysse ei elv/bekk), vass- og vindtette turklede, og dagstursekk med ekstra klesskift, lunsj, drikke og tursnack. Hue, buff og hanskar kan også vera lurt.

Pris: Turen er gratis, men du må betala middag + eventuelt køyrepengar til sjåfør.

Ved dårleg vêr går vi ein kortare tur i Stordalen og legg i staden inn eit stopp på Bjørn West-museet på Matre.

Turen krev påmelding via Tråkk si nettside. 

Påmelding innan torsdag 3. september kl.23.

Har du spørsmål, kontakt turleiar Anne-Lise Nordpoll, Tlf, 98 69 64 59.












    • Anne-Lise Nordpoll
    • Torbjørn
    • Anne
    • Thomas V




Bookings

Bestillingen er stengt for denne turen.