Dato: lørdag 17-10-20 , 16:30
Pris:
0,00
Antall plasser:
20
Turorientering og bålkos
Lørdag 17. oktober inviterer Tråkk Bergen til ein kjekk utandørskveld på Frekhaug med to aktivitetar. Du kan vera med på begge, eller velja ein av dei.
Klokka 16.30 blir det turorientering. Vi møtes på pendlarparkinga ved Frekhaug kai/Badevika. I nærområdet her er det lagt ut mange orienteringspostar. Du vel sjølv kor langt du vil gå. Turorientering passer for alle. Enten du vil rusla i barneløypa, gå ein runde i terrenget eller springa alt du kan i konkurranse med ein venn. Det er ingen krav til kunnskap om kart. Det einaste du treng for å delta er gode sko og god humør.
Pris for turorienteringa er 65 kr per deltakar. Dette fordi vi kjøper kart frå Idrettslaget Kvernbit. Betaling på staden, via Vipps eller kontant. Etter kvart som deltakarane er ferdige samlar vi oss på ein bålplass i nærleiken.
Frå kl.19 blir det sosial bålkveld. Her kan alle vera med, enten dei har gått turorientering eller ikkje. Tråkk stiller med ved, og du tar med mat og drikke til deg sjølv. Maten kan varmast på bålet.
Dersom du vil vera med på begge delane av arrangementet, bør du ha med deg ekstra klede og skoskift. Til bålkvelden treng du varm genser/jakke, hue, hanskar, hodelykt/lommelykt og ein campingstol eventuelt liggeunderlag. Det er kort avstand frå parkeringsplassen til bålplassen.
Deltaking på bålkvelden er gratis, men på grunn av koronasituasjonen er det påmelding også for denne delen av arrangementet.
Påmelding via Tråkk si nettside innan kl.12 samme dag.
Det er ikkje aldersgrense på arrangementet. Er du med i Tråkk vidare er du også hjarteleg velkommen.
Ta kontakt dersom du har spørsmål eller treng skyss.
Turleiar er Anne-Lise Nordpoll, tlf. 98 69 64 59
-
-
-
-
-
- Lillian Mostraum
- Anne-Lise Nordpoll
- Karsten Hammerstad
- Thomas Villanger
- Audun
- Malin Elisabet Oppedal
- Gunnar oppdal
- Torbjørn Oma Jensen
- Jan Halvard Edvardsen
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.