Tid:
Dato: mandag 23-07-18 , 00:00

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Unstad-Bøstad

Ferdighetskrav: * * *
Tidsramme for turen: ca. 5-6 timer inkludert pause, 10 min køyring ein veg.
Antall kilometer: ca. 10 km
Stigning: ca. 650 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15 stk

Foto:Odd V.Nicolaysen,  www.bøstad.no

Turen startar i Unstadvika. Følg sti på høgre side av Norddalselva innover Norddalen. Norddalsvatnet ligg 160 moh, gå på venstre side av dette vatnet. Følg stien opp skardet og hald til venstre for Mons Johanntjønna, herfrå går det forholdsvis bratt oppover før det igjen går litt nedover mot Skrådalen. I Skrådalen følger ein eit myrlent terreng og krysser elva. Her i Skrådalen deler stien seg, fortsett då oppover mot Skrådalsheia, her er det ikkje nokon tydeleg sti, men terrenget er lettgått. Hold retning mot Lysskarnubben. Like før ein kjem til forten av Lysskarnubben kjem ein inn på sti igjen. Følg stien på sørsida av Lyskarnubben og videre nedfor Tverrfjellet. Følg skaret rett sør langs Gullringhamran ned mot Klevstadhytta. Frå Klevstadhytta går stien rett aust gjennom Presthagen og videre inn mot Bøstad.









  • Påmelding til den enkelte dagstur skjer på sommerturen.