Gyaaksla 12. mai 2013



Viss denne turen skal kokast ned til nokre få punkter, så får det bli at:

-me var veldig heldige med folka som var med.
-me var ganske heldige med vèret.
-me var litt uheldige med nokre føter.

Ti tråkkarar stilte opp på Ruten, for å gå på tur til Gyaaksla. Eller det vil sei, ein av dei ti skulle eigentleg på tur med Turistforeningen, men det var ingen derifrå, så då var det berre å hiva seg med Tråkk på tur. Etter ein time i bil, var me på Gya, og kunne parkera bilane.
Me begynte å gå halv tolv, og starten var ganske hard. Hundre meter flatt, og så bar det til vers. Det blei nokre småstopp oppigjennom, for å få kontroll på pusten, men det gjekk helsten godt. Etter ei stund tok me av frå merka sti, inn på umerka, men tydeleg sti, i følge opplysningar på UT.no. Og stien var veldig tydeleg ei stund, men blei litt mindre tydeleg etterkvart, og der han forsvant inn under snøen, måtte me kikka godt etter kor han gjekk ut igjen. Me trefte på ein annan turgåar, og han anbefalte oss å ikkje gå på stien eit stykke, men heller litt høgare opp i terrenget, for det var litt blautt å gå langs stien.
Omlag halvvegs, på kartet, mot Gyaaksla, sette me oss ned for ein matbete. Eit Bibelord fekk me òg høyra, før me pakka i saman. Me kom oss på beina att, og gjekk mot Rygla, som er høgaste punktet på turen. Men au og uff. Ein fot gjekk ned i ei sprekk, og kneet fekk seg ein smell. Og sidan knea kan vera litt uforutsigbare etter slik ein smell, vart det til, sjølv om det kjentest betre etter kort tid, at to tråkkarar, etter formaningar om å ikkje tulla seg vekk oppå her, snudde og gjekk tilbake mot bilane. Synd for dei, som ikkje fekk vera med på heile turen, og synd for oss andre som ikkje fekk ha dei, med humøret sitt, med vidare.
Me andre var snart på Rygla. Her vart det grundig fotografert, og studert rundt. Me gjekk vidare mot Gyaaksla, og forutan at det var nokre gode snøfenner å hoppa i, er det ikkje så mykje å fortelja om dette strekket. Vel framme på Gyaaksla, hadde me utsikt, men ikkje meir enn me allereie hadde hatt på Rygla. Viss me kjende godt etter, kunne me no kjenna at det var fem små regndropar i lufta. Me skreiv i boka, åt siste brødskjeva, og vende nasen heimover.
Tilbaketuren gjekk godt, men snøen var like utfordrande å gå på no, som på oppturen. Som regel bar snøen, men nokre plassar trødde ein rett gjennom. Og enkelte fann ut at det var vatn på undersida av snøen, med blaute bein som resultat. Me hadde to minutt med skodde, då eine skya fann det forgodt å duppa ned til oss. Elles var vèret godt. Eit og anna kne merka at det hadde vore ein dryg nedoverbakke mot slutten, men tråkkarane var ein gladgjeng, og helst nøgde med turen. Dei siste minutta før me kom til bilane, var det nokre ørsmå dropar som dryssa ned over oss. Vel framme ved bilane, der dei to som hadde snudd, satt og venta på oss, kunne me kikka opp mot fjellet, der me hadde gått, og no var det heilt innhylla i skyer. Me sette oss i bilane og starta heimturen, og no starta regnet skikkeleg…

Takk for fin tur!

Evt. bilder fra turen kan sendast til
p.malmin@gmail.com

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar