Haustweekend til Gullingen, 20.-22.sept. 2013

    Som det ofte blir på slike helgeturer, så var folk framme i Suldal til forskjellige tider på fredagen. Stikkord her er reisetidspunkt, og flaks/uflaks i forhold til ferjer, som dei fleste hadde 2 stk av. Dei første var framme rundt halv åtte, og sistemann?, ja då nærma det seg midnatt. Ei til kom, […]

 

 

Som det ofte blir på slike helgeturer, så var folk framme i Suldal til forskjellige tider på fredagen. Stikkord her er reisetidspunkt, og flaks/uflaks i forhold til ferjer, som dei fleste hadde 2 stk av. Dei første var framme rundt halv åtte, og sistemann?, ja då nærma det seg midnatt. Ei til kom, men det var på lørdag, og då var me blitt 28.

 

Det er iallefall ikkje godvèret denne weekenden vil bli huska for. Av dei tre turane på lørdag, var det berre den lettaste turen, den som ikkje gjekk i høyden, som hadde sikt heile tida. Elles gjekk det i skodda og regn, på deler av dei andre turane.

Fint vèr ute til å vera inne i, er vel ikkje akkurat eit Tråkk-slagord, men på søndagen var det berre seks tråkkarar som ikkje var avskremde av dagen før, og som ville på tur. Vèret såg ut til å villa repetera seg frå dagen før, men ombestemte seg heldigvis etter kvart, og det vart greitt turvèr av det til slutt.

 

Om ikkje vèret var av det beste, så var maten det. Ingrid Kristine hadde gravd godt i oppskriftene sine, og stod i spissen for ein særs velsmakande meny.

 

Oppsummert; litt (eller litt mykje) surt vèr, men mykje kos innandørs!!

 

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar