Hyttetur til Øvresaga med kart- og kompasskurs 8.-9. november 2014

Laurdag 8. november stod 12 tråkkarar klare med kart, kompass, regntøy, og sjølvsagt mykje godt humør, på parkeringsplassen ved Bysetermåsan i Østmarka. På denne turen var det fokus på å lære å bruke kart og kompass i praksis. Turen starta med introduksjon til kartsymbol, målestokk, ekvidistanse og orientering av kartet. Ruta gjekk ikkje langs merka stig, men over Kjerringhøgda til Øvresaga, og alle fekk prøve seg på å lede gruppa eit stykke. Orienteringa gjekk strålande, og me kom fram til den vesle, koselege DNT-hytta i skumringa.

Etter å ha ete nydeleg viltgryte, vart det både nattorientering i området, og oppgåve i å lese høgdekurver. Og sjølv om det vart mykje prat om ekvidistanse, kompasskurs og kartreferansar, så var det hyttehygge med mykje latter og sjokolade og.

Søndag starta med frukost, ord for dagen og ein god dugnad med rydding og hyttevask. Så var det klart for søndagstur med nye orienteringsutfordringar. Terrengformasjonar og kompasskurs viste veg gjennom skog, over myrer, og opp på åskammar. Alle gruppene fann fram i krevjande terreng og viste at dei både kunne lese kartet og gå på kompasskurs. Deltakarane gjennomførte kurset med glans!

Dette var moro! Takk for turen!

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar