I Yohans blaute fotspor

Fem hardbarka tråkkarar gjekk to mil frå Birkeland til Landvik i medels regnver.

Me skreiv 4. november 2012, og fleirtalet hadde vestlandsblod i årene.

Me starta vandringa på barnevandrarstien frå Valstrand skole på Birkeland kl. 10.40. Det gjekk i gamle kjerrevegar og grusveg i starten. Me rota oss litt ut i terreng i feil retning i blant. Første matpause tok me bortunder eit halvtak på eit sommarhus på Eggevad. Etterkvart kom me over på skogssti. Nokon traff kjentfolk på tur til Stien.

Vatnet stod over Lindevannsstemmen høgare enn nokon lokale hadde sett før. Me passerte kjente trakter då me kryssa vegen mellom Vatne og Nygrenda. Etterkvart vart delar av stien meir elv enn sti. Me måtte forsera bekkar som gjekk over breddene sine.

Snart såg me den fagre Reddalsbygda opna seg framfor oss. Litt oppe i bygda berre måtte me stoppa og eta att. Me sette oss i vegkanten ved eit tun. Skumringen seig på, og refleksane og lommelyktene kom fram. Me traska gjennom tuna på Dalholt og vidare over Havstadmoen. Best det var drog me kjensel på ein gard der det var lys. Me strena over jordet for å slå av ein prat med tråkkaren i huset.

Etterpå var det berre strake vegen ned til Landvik kirke. Kl. 17.55 sette me oss i bilen. Alle kunne kjenna turen i kroppen og var einig om at 2 mil var nok.

Tekst: Kjellfrid Straume
Foto: Erlend Hareide

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar