Jubileumsjulebord 6. desember 2014

Tråkk Sørlandet fylte 10 år med storstilt feiring i Reddal.

Snefrids hus gav rette atmosfæren til festen. 56 festkledde og feststemte menneske fylte det nygamle selskapslokalet. Stundom kjendest det som om me var enno fleire med utstillingsdukkene frå brudesalongen som stod langs veggar og i krokar. Festborda var smakfullt pynta med dekor rett frå naturen. Snefrid og Kristoffer har ikkje fått storkjøkkenet på plass enno, men du verda for ein nydeleg tapas teamet med Nathalie i spissen trylla fram frå tronge kjøkkenkår. Utsøkt alkoholfri drikke hadde dei også skaffa til Tråkkfesten.

Inga Marie leia oss trygt gjennom programmet. Me song saman og fekk fleire fine musikalske innslag. Tormod fortalde om oppstarten av Tråkk Sørlandet og fekk gåve saman med Jon Solve som også var med i det første styret. Me mimra med 10-års biletkavalkade. Og Frode heldt andakt.

På festen kom det eksklusive gjestar frå Tråkk Stavanger, og gamle tråkkarar møtte opp. Men fleirtalet av dei frammøtte var noverande Sørlandstråkkarar. Dette teiknar godt for framtida. Unge har tatt over i styret og fått mange med seg. Programsleppet for våren viste at nye kostar legg opp laupet på sin måte og skaper fornying. Dette gleder eit gamalt Tråkk-mor-hjarte.

Etter tapas og kaker var det underhaldning og dans. Me fekk demonstrert antekk og utstyr som er lurt å ha med på Tråkktur, m.a. sosiale antenner og fiskestang med sjokolade. Det ultimate draume-Tråkk-antrekket vart henta frå etasjen under og vist av eigne mannekengar frå festkomiteen.

Tekst: Kjellfrid
Foto: Knut Inge, Anne Gerd og Kjellfrid

Kommentarer

kommentarer

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar