Kulturhistorisk vandring langs Dikeelva

Nydeleg sommarsøndag i den kommunale skogen i Birkenes.

Me møttest på Birkeland og samla oss i den styggaste bilen for å kjøra oppover grusvegen til Flakke loner. Der parkerte me ved skytebana og gjekk langs elva i retning Natveit. Turleiar 1 gjekk framme og turleiar 2 gjekk bak slik at deltakaren i midten ikkje skulle gå seg vill. Deltakaren hang litt med hovudet i starten pga. mangel på interessante folk, men kom seg etter kvart. Undervegs kom eine fotostoppet etter hitt: jettegryter, vakre fossar, troll, hengebru, osv.

Seinare kryssa me ein bekk med god vassføring. Deltakaren hjelpte turleiarane over. Siste stykket opp mot Natveit var luftig i sørlandsk målestokk. Pausen tok me i sola ved Øvre Natveitfoss. Alle dei som hadde anna føre denne søndagen kunne misunna oss no.

Nedover gjekk me ein skogsveg rundt og slapp unna bekken og det luftige partiet. Deltakaren gjekk først, og turleiarane sløva etter. Vips hadde me gått forbi krysset til Eikhola, første husmannsplassen me skulle innom. Men i neste kryss tok me inn til husmannsplassen Homslia. Derfrå var to vegar skilta til Flakke loner. Me tok den eine, som me etter kvart syntes gjekk i veldig feil retning. Me snudde. Turleiar studerte så kartet meir i detalj og fann rette vegen. Deretter gjekk det fin skogssti ned til Flakke loner.

Dagen avslutta me med is på gatekjøkkenet på Birkeland.

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar